Gje din grasrotandel til IL Skarphedin

IL Skarphedin, stifta i 1891, er av dei eldste idrettslaga i Telemark.

Kampanje: Støtt IL Skarphedin med din grasrotandel !

Norsk Tipping og Kulturdepartementet har innført Grasrotandelen for å stimulere frivillig innsats og aktivitet. Ordninga går ut på at for spelarar som registrerer seg går 5% av innsatsen til grasrotmottakaren. For spelarar som ikkje registrerer grasrotmottaker går desse 5% tilbake til Norsk Tipping. Ordninga gjeld for både for Tipping, Lotto og Joker.

Pr i dag (17.des 2009) har 133 personar registrert IL Skarphedin som sin grasrotmottakar. Vi er sikre på at det er mange fleire Bøheringar, unge og gamle, utflytta og heimkomne, som kunne tenke seg å støtte vår aktivitet. Vi treng pengane! ;-)

Så derfor ei oppfordring:
Registrer IL Skarphedin som din grasrotmottaker!

Og her er ei til: Verv andre til å gjere det samme!

Det går verken ut over innsatsen eller premien din! Det er rett og slett gratis å støtte oss!

Det er enkelt å registrere seg. Her er oppskrifta:

Om oss

IL Skarphedin er eit allidrettslag med 8 undergrupper. Leiarane i gruppene danner hovudstyret i laget, og to grupper har leiarskapet saman for eit år om gangen. Den eine gruppeleiaren leier laget frå 1. mai til 31. oktober, og den andre frå 1. november til 30. april. Den andre gruppeleiaren er nestleiar 1/2 år om gangen.