Alpin

Skarphedin Alpin – skiglede for alle! ❄️💙

Skarphedin Alpin held til i bakkane på Lifjell skisenter – ein kort køyretur, enten du bur i Midt‑Telemark eller kommunane rundt.

Så snart skisenteret har nok snø, trenar vi to gonger i veka. Vår trenar, Hallgeir og hans hjelparar, gir tips og støtte tilpassa alder, nivå og ambisjonar – enten du likar å køyre fort, er nybyrjar eller kanskje har lyst til å prøve deg i renn etter kvart. Øktene er ein miks av leik, skikøyring og enkle øvingar som gjer oss litt tryggare og litt betre i bakken.

Målet til alpingruppa er å skape eit trygt og triveleg miljø for barn, ungdom og vaksne. Gjennom sesongen har du moglegheit til å delta i lokale og regionale renn – heilt frivillig. I tillegg til å prøve deg i nye bakkar er turane sosiale samlingar der heile familien er velkomen.

Uansett ferdigheitsnivå håpar vi du har lyst til å vere med på trening saman med oss i alpingruppa. Ta kontakt med Anine Stenstad på telefon eller e-post så avtalar vi ei økt i bakken.

Følg oss gjerne på fjasboka!

Nyheter, Informasjon og generelle saker:

No results found.

Generelt:

Anine Stenstad
Tlf: 48 26 48 03
E-post: alpin@skarphedin.no

 

Leder: Anine Stenstad

Nestleder: Susann S Kleiva

Styremedlem: Bjørnar H Vika

Styremedlem: Lars Sanden

Styremedlem: Halgeir Stenstad

Vara: Malene Stenstad

Vara: Christian André Robstad

Me brukar plattformen Spond til å informere om treningar, renn og andre arrangementar.

https://group.spond.com/NKRSD

Årsmeldinger:

Bilder

No results found.