Vel møtt til Barneidretten 2011 - 2012!
Barneidretten tel omlag 180 ungar frå 4 til 12 år, og alle grupper har eit variert program både inne og ute. Oppstart etter jul er i veke 2 / 2012, og vi håpar at fleire foreldre synest Barneidretten er så bra at dei vil ta del sjølve som leiarar. Vi er avhengige av engasjerte vaksne, og dette er særs prekært på den eldste gruppa (2001-2002-2003). Om du sjølv eller nokon andre du kjenner kunne egne seg som ansvarleg for ei gruppe ungar ein gong i veka, ta kontakt med styret v/ leiar Bjørnar Nesje. Vi set stor pris på om fleire vil vere med.
