LOV FOR IDRETTSLAGET SKARPHEDIN. STIFTA 31. JANUAR 1891
Lova er vedtatt på årsmøte 29. april 2003 og seinare godkjent av Norges Idrettsforbund.
1. FØREMÅL
Føremålet til laget er å fremje idrett og friluftsliv i sunne former ved samarbeid og kameratskap.
Laget er sjøIveigd og frittståande. Laget er berre opent for personlege medlemmer.
§ 2. ORGANISATORISK TILKNYTING
Idrettslaget Skarphedin er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Telemark Idrettskrets og dei særforbund
som laget gjer vedtak om å vere medlem av.
Laget høyrer heime i Bø kommune, og er medlem av Bø idrettsråd.
Reglane i NIF`s lov kapittel 1, 2, 5, 11, 12 og 13 gjeld for idrettslaget uavhengig av kva som står i lagets eigen lov.
| § 3. MEDLEMMER Alle som vil halde lovene og reglane til laget og til dei høgare idrettslege institusjonane kan takast opp som medlemmer. Ved innmelding skal det gjevast opp fødselsdato og fullstendig adresse. Opplysningane skal straks førast inn i medlemskartoteket. Ingen kan takast opp som medlem dersom han/ho har forsømt dei økonomiske pliktene sine i eit anna organisasjonsledd innanfor Norges Idrettsforbund. Medlemmene skal halde lovene til laget, til Norges Idrettsforbund og andre idrettsorganisasjonar. Medlemskap i laget er først gyldig og reknast frå den dagen første kontingent er betalt. § 4. KVEN SOM HAR RØYSTERETT OG ER VALBARE For å ha røysterett på laget sine møte må ein medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst ein månad, og ikkje skulde laget kontingent. Alle medlemmer som har røysterett og som ikkje er arbeidstakar i laget, er valbare til tillitsverv i laget, og som representantar til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon. § 5. KONTINGENT Kontingenten blir fastsett av årsmøtet og blir betalt når ein får krav om dette. Medlemmer som er skuldig kontingent for meir enn eitt år, misser rettane sine i laget og kan strykast som medlemmer av laget. Vert ein medlem stroken, kan vedkomande ikke takast opp att før medlemskontingent er betalt. Styret har høve til å setje ned eller fråfalle medlemspengar ved sjukdom eller andre gyldige grunnar. § 6. TILLITSVALDE SI GODTGJERING Tillitsvalde kan motta eit rimeleg honorar for arbeidet sitt, samt refusjon for faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste. Utgifter til godtgjering og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av budsjettet og rekneskapen fil laget. § 7. UGILDSKAP For laget sine tillitsvalde, oppnemnde tillitspersonar og tilsette, gjeld Norges idrettsforbund sine ugildereglar. § 8. STRAFFESAKER For alle straffesaker gjeld lova til Norges Idrettsforbund kapittel 11. § 9. ÅRSMØTE Det øvste organ i laget er årsmøtet som blir halde kvart år i april månad. Årsmøtet skal kunngjerast minst ein månad føreåt, direkte til medlemmene eller ved kunngjøring i pressa. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sende til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste må vere tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet. Alle laget sine medlemmer kan møte på årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere fil stades. Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmer som møter. Ingen har meir enn ei stemme, og stemmegjeving kan ikkje skje ved fullmakt. På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er ført opp på saklista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slik avgjerd kan berre takast i samband med vedtak om godkjenning av sakliste. § 10. LEIING AV ÅRSMØTET Årsmøtet blir leia av ein vald dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget. § 11. RØYSTEGJEVING PÅ ÅRSMØTET I alle saker skal vedtaka, for å vere gyldige, vere giorde med eit fleirtal av dei avgjevne røystene, når ikkje noko anna er fastsett i lova. Alle val er skriftlege om det er meir enn eit framlegg. Berre kandidatar som er føreslegne, kan førast opp på røystesetelen. Skal fleire veljast ved same avrøysting, må røystesete1en innehalde det tal på kandidatar som skal veljast. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje er føes1egne, eller anna tal på kandidatar enn dei som skal veljast, tel ikkje og blir rekna for ikkje gjevne. Når eit val føregår einskildvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei avgjevne røystene, blir det halde bindande omval mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster. Er det ved omval framleis likt, blir valet avgjort ved loddtrekking. Når det ved val skal veljast fleire ved ei avrøysting, må alle som blir valde ha meir enn halvparten av røystene. Dette gield ikkje ved val av vararepresentantar. Dersom ikkje mange nok kandidatar har fått dette i første omgang, er dei valde som har meir enn halvparten av røystene. Det blir så omval mellom dei andre kanditatane, og etter denne avrøystinga blir dei valde som har fått flest røyster. Er det like mange røyster også ved omval, blir valet avgjort ved loddtrekking. § 12. OPPGÅVENE TIL ÅRSMØTET Oppgavene til årsmøtet:
a) Leiar frå 1. mai/nestleiar frå 1. november. b) Nestleiar frå 1. mai/leiar frå 1. november. c) Resten av hovudstyret for perioden. d) To medlemmar i ein kontrollkomite. e) Styremedlem og varamedlem til Sandvollstyret dei åra det er kommuneval. f) Representantar og vararepresentantar til årsmøtet i Bø idrettsråd. g) Velje minst to representantar til valnemnd frå dei særgruppene som skal stå for dette til nest årsmøte. Årsmøtet kan og velje leiar og nestleiar for heile året (jfr. § 14.)
Alle val er for eit år om gongen. § 13. EKSTRA ÅRSMØTE Ekstra årsmøte blir halde når styret eller overordna idrettsorgan bestemmer det, eller når minst ein tredel av medlemmene som er røysteføre, krev det. Ekstra årsmøte blir kalla inn med minst 14 dagars varsel, og på same måte som det ordinære årsmøtet. Ekstra årsmøte kan berre handsame og ta avgjerd i dei sakene som er giort kjent i innkallinga. § 14. HOVUDSTYRET Laget blir leia av hovudstyret som er lagets høgste organ mellom årsmøta. Årsmøtet kan velje hovudstyret på to ulike måtar, og årsmøtet tek først stilling til kva måte ein skal bruke.
B. Hovudstyret består av leiarane i særgruppne i tillegg til fritt valt leiar og nestleiar. Styret skal:
Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemmene forlangar det. Styret kan giere vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemmer er tilstades. Vedtak blir gjort med vanleg fleirtal. Dersom det er likt røystetal, gjeld møte1eiaren si dobbe1trøyst.
ARBEIDSORDNINGA TIL DEl TILLITSVALDE årsmøta og med1emsmøta når ikkje anna vert fastsett. Leiaren skal sjå til at val, adresseendringar o.1. som har interesse for krets og forbund, vert melde. Leiaren må sørge for at det blir sendt inn oppgåve over medlemmene i laget pr. 1. januar til overordna instansar (krets/forbund).
2. Nestleiaren utfør arbeidet som leiar når leiaren er fråverande. 3. Revisor skal gjennomføre revisjonen i samsvar med § 5-3 i Rekneskaps- og revisjonsreglane til Norges Idrettsforbund og Olympiske komite. Arbeidet vert utført i samsvar med føresegnene i idrettens kontoplan. 4. Styret nemner opp dei komitear/utval/personar som trengst for særskilde oppgaver. Styret arbeider ut instruks/mandat for desse. 5. Valnemnda skal kome med framlegg til ny tillitsvalde på årsmøtet |
§ 15. GRUPPER/AVDELINGAR
1. Laget sitt årsmøte bestemmer opprettinga av grupper/avdelingar, og korleis desse skal organiserast og leiast.
Har årsmøtet til laget gjort vedtak om skiping av grupper, vert kvar gruppe leia av eit styre.
Årsmøtet i gruppa avgjer kor stort dette styret skal vere og funksjonstida til styremedlemmane. Styret i gruppa skal ha ein leiar, ein kasserar og ein sekretær.
Tidspunktet for gruppene sine årsmøte blir avgjort av gruppestyret, med dei same fristar og reglar som gjeld for heile laget sitt årsmøte.
Ei særgruppe kan velje å ikkje ha eige årsmøte. I eit slikt tilfelle vil dei vanlege årsmøtefunksjonane for gruppa bli eiga sak på hovudårsmøtet.
Alle som har betalt kontingent til laget, kan delta og røyste på alle årsmøte i gruppene. Hovudstyret eller årsmøtet i laget kan bestemme at ei gruppe skal ha ekstra årsmøte, dersom ei sak krev dette.
Gruppene avviklar sine årsmøte innan 15. april.
2. Gruppestyret er økonomisk lagt under lagsstyret, som avgjer i kva omfang gruppestyret bind laget. Alle medlemmer betalar same kontingent til kassa i laget. For gruppene sine økonomiske forpliktelsar heftar heile laget, og grupper/avdelingar kan ikkje inngå avtale eller representere laget utad utan styret si godkjenning.
Kvart gruppeårsmøte kan gjere vedtak om treningskontingent for medlemmer i gruppa.
3. Gruppestyret skal handsame alle faglege saker som vedkjem gruppa si idrettsgrein eller aktivitet. I idrettstekniske saker som berre vedkjem gruppa, handlar gruppa sjølvstendig.
Gruppestyret legg fram for årsmøtet i gruppa årsmelding og revidert rekneskap. Endeleg godkjenning av årsmelding og rekneskap blir gjort på årsmøtet for heile laget. Der blir og budsjettet for gruppa vedtatt.
§ 16. LOVENDRING
Endringar i denne lova kan berre gjerast på ordinært eller ekstra årsmøte etter å ha vore ført opp på saklista, og det blir krevd 2/3 fleirtal av dei røystene som er gjevne.
Lovendringar må godkjennast av idrettsstyret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende.
§ 17 kan ikkje endrast.
§ 17. OPPLØYSING
Samanslåing med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i samband med dette skal gjerast i samsvar med lagslova sine føresegner om lovendring jfr. § 17). I fall laget vert løyst opp, tilkjem det laget eig, Norges Idrettsforbund eller føremål godkjende av idrettskretsstyret. Ved oppløysing blir laget sine arkiv sende til idrettskretsen.
