Ekte hattrick av Håvard senka Vigør på Sandvoll
A-laget gjennomførte solid mot Vigør på laurdag. 4-2 blei sluttresultatet etter at konsentrasjonen glapp heilt på slutten slik at Vigør med 10 mann (!) fekk lov å redusere 2 gonger. Før det hadde Skarphedin god kontroll mot eit Vigørlag som både hadde tempo og vilje i laget. Og det gjekk da også gode halvtimen før Jørgen opna ballet med heading etter corner. Etter pause var det Håvardshow, først til 2-0 etter ein ny corner, deretter 3-0 på innlegg fra Einar og tilslutt 4-0 da eit skudd fra Sven Kato blei styrt vidare i mål. Sven Kato var svært frisk på midtbanen og blei kåra til dagens spelar. Det er altså ikkje nok med ekte hattrick for å bli dagens spelar på Sandvoll, hmm.......
