Sannidal - Skarphedin 16.4.2010
0-4 (0-0)
Laget:
Jostein - Arild (Doni i 30 min), Johannes (Erlend i 15 min), Hari, Stian - Øystein, Edvard, Leon - Fredrik, Ronny (Marius i 15 min), Mathias
Kampen:
Opnar litt nølande, men vi har likevel ein stor sjanse etter 5 minutt etter godt innlegg frå Mathias og volleyavslutning fra Leon, men keeper reddar. Problemet i første omgang er at vi er litt for duellsvake, og får dermed ikkje kobla grepet på kampen slik som intensjonen var. Vi har likevel mykje possession og skapar ein 8-9 bra målsjansar, der fleire av disse kjem på dødball. Bakover har vi bra kontroll, med unntak av nokre innlegg som går gjennom feltet. I tillegg får (etter tversoverpasning) Sannidal ein stor sjanse som Weholten setter i stolpen.
Andre omgang er mykje betre pga at vi vinn duellar og trøkker meir til i pasningsspelet, tempoet skruast opp. Då slit Sannidal med å henge på, og vi får store rom og mange gode moglegheiter. I tillegg gjer det sitt at vi scorar 1-0 etter berre eit par, tre minutt av omgangen. Perlescoring av Edvard etter mange trekk i laget. Gjennom omgangen skapar vi mange store sjansar, men ein god Sannidal keeper gjer at det stoppar på fire scoringar for oss. Omgangen viser oss også at det lønnar seg å jobbe hardt og få gunstige gjenvinningar høgt i bana.Vi må stadig verte fllinkare til å sjå når vi kan bruke bakrommet og når vi skal bearbeide. Alle spelar ein god andre omgang
Positive og gode innhopp fra Doni, Erlend og Marius
Poeng:
3 p til Leon for å være bevegelig og kjappfot og kommer til mange avslutningar + strålande spel på 3-0 målet
2 p til Jostein for ein solid kamp, er konsentrert i 90 minutt sjølv om det går lenge mellom kvar gong du er involvert. Gode valg med ball, pratar godt
1 p til Mathias for ein meget god andre omgang, jobbar hardt, gjenvinner ball på 2-0 målet og assist på 4-0. Fleire gode innlegg og kombinerer fint med Stian.
Mål og assist:
Edvard (Ronny), Ronny (Stian), Doni (Leon), Edvard (Mathias)
20 sjansar også i denne kampen, 4 i mot
