Sykkelrittet Haukeliruta Odda-Bø

Blei arrangert 3. juli.

2010

Rittet som blei avvikla 3 juli 2010 hadde 197 påmeldte, av desse starta 187. Det er ny rekord sidan 1996, då 188 fullførde (i toppåret 1989 fullførde 267).

Vinnar blei også i år Kenneth Solheim, VOC, på 06:05, deretter fylgde Bjarte Vethe, CK Victoria/Team Merida. 12 mann kom inn samtidig.

Desse har vore med alle gongene, og sykla altså for 30. gong:

Rolf Andreassen, Willy G. Arnesen, Vigleik Gutubø, Eivind Nordjore, Harald Sel, Sigmund Skar, Tom Kenneth Tveten, Udmund Viflot.
Harry Skogli og Nils T. Våer frå arrangøren har også teke turen frå Odda, i forkant av rittet.
Olav Lutro velta på sykkel og skadde seg rett før rittet, og vil difor få høve til å gjennomføre seinare i haust, når beinet er friskt att.

Dermed er det fortsatt 11 med i den eksklusive gjengen som har sykla alle ritta sidan 1981.

Haukeliruta Odda-Bø

Merket

3. juli 2010 arrangerar me sykkelrittet Haukeliruta Odda-Bø for 30. gong.
Påmelding fram til ei veke før rittet her:

www.deltager.no/haukeliruta2010

Eller ved oppmøte i Odda innan ein time før start.