Enkel seier mot Skade ( 4 div. )
G19-kampen mot Skades A-lag ble aldri spennende og vi vant lett 4 - 0. Resultatet kunne fort vært det dobbelte, men Skade keeperen hadde en god dag på jobb. Vi spiller hurtig langs bakken og i 1. omg. har vi ca. 80 % ballinnehav. Vi fortsetter bra også i 2. omg. og kommer til mange gode sjanser etter godt spill. Våre mål ble satt inn av Arve 2, Lars Halvor og Petter. Vi benyttet 17 spillere og alle gjorde en meget god jobb.
Seier over IBK
Skarphedin A-lag tok sin andre seier på 2 kamper med å slå Birkebeineren 2-1 Lørdag i Telemarkshallen. Scoringer av Sven-Kato og Jan Aage også denne gangen! Les mer.
3.div avd.5 2012 - Foreløpig oppsett
Skarphedin får neste år turar til både Agder, Vestfold og Buskerud. I tillegg møter vi dei andre Telemarkslaga i 3.divisjon. Nye motstandarar frå 2010-sesongen er Flint, Eik-Tønsberg, Konsberg, Runar og Skotfoss. Eit foreløping kampoppsett er klar. Men det vil nok komma mindre endringar på dette.
Liverpool Football Academy til Bø 26-28.juni 2012
IL Skarphedin er veldig fornøgd med at Liverpool International Football Academy vil besøke Bø også neste sommar. Dette er ein høg kvalitets fotballskole med topp kvalifiserte instruktørar frå Liverpool sitt annerkjente academy. Våre flotte banar på Sandvoll blir brukt under fotballskolen. Det er bare å melde seg på. Den perfekte julegave? Her kan du bestille gavekort.
Skarphedin - Pors 9 - 2, men Jerv vann også.......
Skarphedin gjorde som forventa jobben mot Pors 2 på Ulefoss i kveld. Med høgt tempo og god presisjon blei Pors kjørt over frå start. Ein som vanleg smart og effektiv Håvar Mæland skåra fire før pause. Edvard Ajer satte det siste slik at pauseresultatet var 5-2. Meir speannande var derfor kamputviklinga på Tollnes, der det sto 0-0 til eit godt stykke ut i første omgang. Pauseresultatet blei rapportert til 1-2 til Jerv. På Ulefoss sank tempoet i 2.omgang, men mot slutten av omgangen kjørte Skarphedin opp tempoet igjen og 2 mål kvar av innbyttar Jan Åge Nordbø og Gustav Heldal gav sluttresultatet 9-2. Da hadde publikumet fra Bø tatt inn over seg at Jerv kontrollerte kampen til ein klar seier mot Tollnes. Men det var ein solid gjennomført kamp av Skarphedingutta.
Kanonkamp av G19 mot Drammen FK
Drammen FK ble sendt hjem med 6 - 1 i sekken etter en flott kamp av hele laget. Resultatet til pause var 2 - 1 etter mål av Sindre og Vemund. 2. omgang ble et fyrverkeri og det var Jan Åge som startet showet etter 19 sekunder, deretter fulgte han opp med to mål til og HATTRICKET var en realitet. Drammen ble spilt ut og vi var meget gode med ballen i laget. Morsomt at vi med et så ungt og fysisk svakt lag spiller ut et lag på denne måten. 6 - 1 ble satt inn av debutant Tage Pedersen Dorholt etter et flott skudd. Takk for en morsom kveld i hallen, der alle spilte helt KANON.
Supporterbuss til Grimstad 10.sept
Bli med å støtt A-laget i den heilt avgjerande kampen mot Jerv i Grimstad til helga. Fotballgruppa stiller med supporterbuss.
Avreise frå Bø stasjon kl. 11:00 - Pris kr. 200,- t/r
Det er plass til 32 personar i bussen. Førstemann til mølla.Påmelding til Magne Sanden via sms til 92213871 eller epost til masande@online.no
Skarphedin - Skade 5-1 (3-0)
Skarphedin vann kontrollert over Skade på ein svært regntung Sandvoll, utan å overbevise. Men neste helgs kamp mot Jerv i Grimstad låg nok i bakhuet til både spelarar og trenar. Enkelte var opptatt av å ikkje få sitt tredje gule kort for sesongen, og enkelte lagdisposisjonar må nok også sjåast på bakgrunn av neste helgs kamp. Særleg i andre omgang datt både tempo og intensitet og Skade var i periodar på høgde spelemessig. Målscorarar: Ivar, Øystein (str), Kristian, Håvar, Einar
Skuffande 0-3 tap mot Tollnes
Det starta ikkje så verst for våre guttar og Gustav var igjennom etter få minuttar men avslutta på keeper. Men Skarphedin klarte ikkje å få til sitt spel, og Tollnes kom meir inn i kampen. Våre spissar blei for møtande og stilleståande, og klarte ikkje trekke ut Tollneslaget. Dermed blei det trangt og lite rom i midtbaneleddet med påfølgjande balltap og frispark imot. Likevel, vi gjekk til pause med 0-0 og forhåpningar til 2.omgang. Desverre, viste det seg å vere ubegrunna. Når det buttar imot spelemessig må ein finne fram kollektiv innsats og vinne 2.ballar. Det klarte ikkje A-lagsgutta i dag. Tollnes tok over og det var fortent at dei tok leiinga 1-0 med ca 20 min igjen. Håvar, som starta på benken pga akillesproblemer på den harde kunsgrasbanen, blei bytta inn og vi klarte å løfte spelet ein periode, men Tollnes tok oss på kontringar og avgjorde kampen.
Ekte hattrick av Håvard senka Vigør på Sandvoll
A-laget gjennomførte solid mot Vigør på laurdag. 4-2 blei sluttresultatet etter at konsentrasjonen glapp heilt på slutten slik at Vigør med 10 mann (!) fekk lov å redusere 2 gonger. Før det hadde Skarphedin god kontroll mot eit Vigørlag som både hadde tempo og vilje i laget. Og det gjekk da også gode halvtimen før Jørgen opna ballet med heading etter corner. Etter pause var det Håvardshow, først til 2-0 etter ein ny corner, deretter 3-0 på innlegg fra Einar og tilslutt 4-0 da eit skudd fra Sven Kato blei styrt vidare i mål. Sven Kato var svært frisk på midtbanen og blei kåra til dagens spelar. Det er altså ikkje nok med ekte hattrick for å bli dagens spelar på Sandvoll, hmm.......