Skuffande 0-3 tap mot Tollnes
Det starta ikkje så verst for våre guttar og Gustav var igjennom etter få minuttar men avslutta på keeper. Men Skarphedin klarte ikkje å få til sitt spel, og Tollnes kom meir inn i kampen. Våre spissar blei for møtande og stilleståande, og klarte ikkje trekke ut Tollneslaget. Dermed blei det trangt og lite rom i midtbaneleddet med påfølgjande balltap og frispark imot. Likevel, vi gjekk til pause med 0-0 og forhåpningar til 2.omgang. Desverre, viste det seg å vere ubegrunna. Når det buttar imot spelemessig må ein finne fram kollektiv innsats og vinne 2.ballar. Det klarte ikkje A-lagsgutta i dag. Tollnes tok over og det var fortent at dei tok leiinga 1-0 med ca 20 min igjen. Håvar, som starta på benken pga akillesproblemer på den harde kunsgrasbanen, blei bytta inn og vi klarte å løfte spelet ein periode, men Tollnes tok oss på kontringar og avgjorde kampen.