Skarphedin   |   Styresamansetning   |   Organisasjon   |   Kontakt oss 

Gullbring 28.9.2011: 3. runde NM handball damer

Skarphedin - Larvik 8 - 41

Jau, storlaget Larvik, Europas beste damelag, vant klart i Gullbring. Skarphedin sto likevel ikkje med lua i handa, men gjorde ein flott innsats. Det å score 8 mål mot eit slikt lag er ein stor prestasjon for eit lag i 3. divisjon. Trenarteamet Andreas Fragåt, Svanhild Verpe Moen og Dag-Bjørnar Lerum var godt fornøgd med laget sitt og smilte om kapp med jentene på laget etter kampen.
Med store og små var det godt over 500 gjester i Gullbringhallen denne kvelden. Publikum hadde ein morosam kveld og det var stor stemning på tribunen gjennom heile kampen. Det var nesten så taket letta 8 gonger :-)
Småjentene på J10 og J11 var maskottar og sprang inn på banen sammen med Larvik og og Skarphedin og fekk ein nærkontakt dei seint vil gløyme. Med full autografbok etter kampen var nok kvelden fullkomen!

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS